Axel Bojer:
Ja, og ordbanken har lagt inn nye ord også. Noen ide om hvor vanskelig/omfattende dette er?
Har prøvd å dokumentere både dette og alt annet vi vet om her: http://no.speling.org/stavekontroll-dokumentasjon.pdf
Eg har nokre spørsmål.
For det første har eg endelig fått prøvd stavekontrollen (i Fedora) via hunspell, og der kom tipsa ved feilstavingar *veldig* tregt. So vidt eg kan sjå frå
http://markmail.org/thread/4eyanjmhqb2nfuh5
har korleis affiksfila er laga og organisert veldig mykje å seia for kor raskt dette går. Har de planar om å forbetra affiksfila, og kva metodikk har de brukt for å bygga opp den gjeldande affiksfila?
Spørsmål to går på bygging av nye stavekontrollfiler. Eg har lyst til å bygga mine eigne stavekontrollfiler, berre basert på data frå Norsk ordbank (med autogenerering av genitivsformer, sjølvsagt).
Grunnen er at eg er fryktelig uinteressert i å bruka ein stavekontroll som inneheld ord som nokon folk *synest* burde vera med, men som verken står i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka. Kor enkelt vil dette vera for meg å få til dersom eg ikkje har behov for å støtta utdaterte format som ispell, men vil heller halda meg til aspell og hunspell (eller kanskje berre hunspell, om det er lettare)? Kort sagt vil eg berre mata ei lang lista over ord inn eit program/skript, og få ut ein stavekontroll i andre enden. Er dette mulig å få gjort automatisk?