Axel Bojer axelb@skolelinux.no skreiv i innlegget news:200501141806.37021.axelb@skolelinux.no:
Så litt på nettet, og det så ut til at følgende stemmer:
Cubic Spline with Symbols - Tredjegradskurve med symboler
Ei cubic spline (rikurve?) er gjerne ikkje *ei* tredjegradskurva, men heller ei kurva sett saman av fleire tredjegradskurver (slik at ho er glatt i samanføyingspunkta).
Kva det bør omsettast av er avhengig av samanhengen.
B-spline - B-kruve
Her seier du ikkje eksplisitt at det er ei spline, men det er kanskje greitt, so lenge B-kurve ikkje er eit (anna) omgrep frå før. Tyskarane snakkar iallfall om B-kurver, og om dette er det same som B-splines, er det eit utmerka ord.
Elles er sjølvsagt presisjonsnivået ein treng helda litt avhengig av samanhengen. I eit enkelt teikneprogram, med verktøya «line» og «spline», kan me for eksempel godt omsetta dette til «linje» og «kurve» (sjølv om det strengt tatt ikkje er ei linje, men ein grafisk representasjon av eit linje*stykke*, og at alle linjer/linjestykke eigentlig er kurver).