Hei!
Eg har no sendt inn dei siste omsettingane for bokmål, nynorsk og nordsamisk til KDE. Desse vert altso med i KDE 4.1, med unntak av nordsamisk, som ikkje hadde nok av «essential» omsett til å bli med.
I morgon reiser eg til Singapore, og kjem ikkje tilbake før den 23. Eg får altso ikkje sendt inn nokon oppdaterte omsettingar i denne tidsperioden. Sidan KDE 4.1 vert klargjort den 22., er altso det som er omsett no det som vert KDE 4.1 på norsk.
Men det er ingen grunn til å slutta å omsetta. Alt omsettingsarbeidet som vert gjort framover vert ein del av KDE 4.1.1 og seinare versjonar.
For øvrig er alle tekstar som berre fanst i «stable» no fjerna frå omsettingsfilene, so me har faktisk færre tekstar å omsetta! :-)