Hei. I samband med omsetjing av grensesnittet til OpenOffice.org lurer eg på om det er nokon som har ei god omsetjing for «tell operation». Uttrykket er mellom anna brukt i samanhengen «The tell operation could not be run.» Meldinga før er «The seek operation could not be run.» Det er klart at uttrykket i den fyrste av meldingane tyder «søkjeoperasjon», men den andre?
Det har tidlegare vorte omsett med «forteljingsoperasjonen», men har nokon andre alternativ? «Svaroperasjon»?
Sjå også http://www.aomodeling.org/patterns/generic/oo/observation/model_observation.... som skriv «The observable will use the tell operation to notify the AbstractObservation asset about state changes.» Eg veit ikkje kor relevant dette er, men det gjev i alle fall eit døme på bruk.
Mvh, Eirik