Kevin Brubeck Unhammer skreiv 06.12.2018 14:49:
Med det sagt, så hadde det vore nyttig om Språkbanken gjorde det tydelegare korleis dei ønsker samarbeid – kor kan eg opna issues og senda patches?
Det står under «Vis utvida metadata → Resource common info → Contact → Actor info → Communication info». For eksempel for ordbanken (https://www.nb.no/sprakbanken/show?serial=oai%3Anb.no%3Asbr-41&lang=nn):
Email: sprakbanken@nb.no Url: https://www.nb.no/forskning/sprakbanken Address: Henrik Ibsens gate 110 Postboks 2674 Solli Zip code: NO-0203 City: Oslo Country: Norway
Men viss det gjeld feil i bøyingane, ordtilfanget eller leddanalysen, er det betre å senda ein e-post til ordbokene@uib.no.
Tidlegare har eg sendt e-post med rettingar til ordbanken og Oslo–Bergen-taggaren direkte til dei eg veit har jobba med det (@iln.uio.no), men eg har ikkje alltid fått svar,
Eg hadde same erfaring. Men etter at ansvaret for ordbøkene vart flytta til UiB, har eg alltid fått svar, og raskt svar (gjerne neste dag), når eg har meldt frå om feil til ordbokene@uib.no.
og eg neste utgåve tok så lang tid å komma
Ifølgje dei ansvarlege skal den nedlastbare versjonen av ordbanken oppdaterast to gongar i året (noko eg synest er litt sjeldan). Ein ny versjon skal vera rundt hjørnet, og vil endeleg òg inkludera leddanalysefiler.