On Fri, 2005-04-08 at 14:20 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Fredag 8. april 2005 12:18 skreiv Åsmund Skjæveland:
Kva kjønn er ordet «toner» (pulversvineri i laserskrivarar)? Mao. heiter det «tonar» eller «toner» på nynorsk?
Det må bli «tonar». Det seier iallfall eg/me. (Ordet finst ikkje i nynorskordboka, men som importord er det uproblematisk å ta inn, og å gje det hannkjønnsform.)
eg forstår ikkje korleis "toner"/"tonar" har noko med kjønn å gjere. slik eg ser det, er det meir snakk om a/e-infinitiv. "toner" kjem av å tone fargen til noko, så for dei som har a-mål er det nok mest naturleg å bruke ordet "tonar".
i alle tilfelle må det vere hankjønn, det ser du lett om du prøver normalbøying:
ein tonar, tonaren, tonarar, tonarane ei tonar, tonara, tonarer, tonarene eit tonar, tonaret, tonar, tonara
(eg sjølv seier så klart "toner" sidan a-infinitiv er svært unaturleg for meg.)