Eirik U. Birkeland og eg har nylig rydda opp i filhovuda i KDE-omsettingane. Kvar gong ein lagrar ei omsettingsfil med KBabel eller Lokalize, vert det lagt til ei linja i filhovudet med namn og årstal for redigeringa. Derfor har me ei nær komplett oversikt over kven som har bidratt til omsettingane. Tenkte dette kunne vera interesse.
Her er statistikken for nynorskomsettinga (berre «messages»-mappa):
794 # Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org 523 # Eirik U. Birkeland eirbir@gmail.com 270 # Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com 92 # Håvard Korsvoll korsvoll@skulelinux.no 9 # Tor Hveem tor@hveem.no 8 # Knut Nordanger knut.nordanger@gmail.com 8 # Axel Bojer axelb@skolelinux.no 4 # Sveinung Kvilhaugsvik sveinung84@users.sourceforge.net 2 # Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net 2 # Bjarne Hugo Hansen hoelerk@online.no 1 # Vigdis Karin Lien vklien@online.no 1 # Sven Harald Klein Bakke sirius@nonline.org 1 # Lars Risan lars.risan@tik.uio.no 1 # Jørgen Grønlund jorgenhg@broadpark.no 1 # Jakob Breivik Grimstveit jakob@grimstveit.no 1 # Eivind Magnus Hvidevold emh@kvarteret.no 1 # Cecilie katla@lamia 1 # Bjørn Steensrud bjornst@skogkatt.homelinux.org
Merk at denne ikkje viser kor *mykje* kvar har bidratt; første talet seier berre kor *mange* filer personen har vore borti. I tillegg kan same namn stå fleire gongar i éi fil, grunna redigering med ulike e-postadresser på ulike tidspunkt (Eirik har oppdatert alle e-postadressene til dei nyaste – det var mykje rart her, men forfattarlinjene vert ikkje automatisk slegne saman).