Kolbjørn Stuestøl skreiv 02. sep. 2017 22:05:
Kva er "clamping code" på norsk? Sitat 1: Editing high dynamic range data requires that there isn't any clamping code in editing operations and blend modes.
Det er operasjonar som *avgrensar* verdiane dei gjev ut til eit gyldig område. Tenk for eksempel på ein operasjon som legg saman fargeverdiane til to bilde på ein eller anna måte, for eksempel slik at viss du legg eit lyst bilde på eit mørkt bilde, blir det mørke bildet lysare. Viss du køyrer denne operasjonen på to veldig lyse bilde, kan det vera at resultatet vert «lysare enn kvitt» (lysaste mogleg verdi *målmediet* har, som kan variera mellom målmedium). Då vil programmet typisk avgrensa («clampa») verdiane til «kvitt», slik at alt som er er lysare, vert kvitt. I teorien skulle jo ikkje dette vera noko problem, då ein uansett ikkje kan sjå fargar lysare enn kvitt. Men ein tapar *detaljar lagra i det lyse området*. Viss ein for eksempel seinare gjer bildet mørkare att, er detaljane alt tapte.
Viss ein brukar ein operasjon *utan* slik fargeavgrensing, tar ein vare på slik verdiar utanfor gyldig område. Seinare operasjonar (eller val eit anna målmedium) kan føra fargane inn igjen i gyldig område, og ingen detaljar har gått tapt.
Så kanskje berre kalla det /(innebygd) fargeavgrensing/?