Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:op.st7waxe3qna0ao@kraft:
Eg ser òg at omsettingane i Skulelinux er basert på «stable»-greina. Eg trur ikkje eg heilt har forstått korleis denne er meint å fungera. Kan nokon forklara? Mappestrukturen ser for øvrig ut til å vera litt forskjellig på «stable» og «trunk» òg (eller er det berre *fleire* mapper på «trunk»):
Den enkle forklaringa er slik: Stable inneheld til eikvar tid den stabile utgåva av KDE (for tida 3.4.x), medan utviklinga av KDE skjer i trunk. Me omset ingenting i trunk før neste større versjonssteg (3.5). Etter at 3.5 er ute, er det 3.5.x som vert liggjande i stable.
Men programma vert alltid overført til «stable» før dei vert gjevne ut?
Og kva skjer med *våre* omsettingar? Legg du dei inn i «trunk» òg, eller berre i «stable» (slik at «trunk» vert stadig mindre fullstendig omsett)?