Laurdag 31. januar 2009 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Det er enno litt overgangsvanskar med omsettingsfilene, og det er grunnen til at dei ikkje er oppdaterte enno. Men det er ingen grunn til å ikkje arbeida med omsettingsfilene i SVN, då alle endringar vert brukte til framtidige versjonar (KDE 4.2.x, og KDE 4.3), og endringane frå versjon 4.2 er enno minimale. Men de kan godt hoppa over alle tekstar som berre er merkte som «stable», då desse vert fjerna ved neste oppdatering (dei er berre brukte i KDE 4.1.x), som eg forhåpentligvis kan få gjort om nokre dagar.
Omsettingsfilene er no oppdaterte. I tillegg er dei siste nynorskomsettingane sende inn til KDE (omsettingane til bokmål og til nordsamisk inneheldt syntaksfeil, og kunne derfor ikkje sendast inn).