on. den 19. 09. 2018 klokka 01.29 (+0200) skreiv Yngve Spjeld-Landro:
Hei! Eg ser etter eit høveleg ord for "tokenise" Originalteksten er "Tokenized search through content, recipients, and subject field". Kandidat so langt er "symbolbasert". Er det andre (og betre!) forslag?
det synest eg ikkje er så bra. no er originalteksten ikkje så lettforståeleg for vanlege folk, heller...
eg forstår "tokenized" slik at desse e-postfelta er fortolka slik at ein kan gjere søk på dei ulike "grammatiske" elementa dei er oppbygd av.
From: Zaphod Beeblebrox twoheads@goldenheart.galaxy Subject: Meeting today
Can we meet at the end of the Universe?
her vil søk etter "sender:galaxy" fungere, men "content:galaxy" vil feile.
dette er berre mitt gjett, eg anar ikkje kva programvare du har funne denne tekststrengen i, eller korleis den fungerer. men gitt dette, vil eg foreslå "kontekstkjennsleg søk" eller "intelligent søk" :-)