Endeleg: KDE har fått nye språkkodar! Bokmål og nynorsk heiter no 'nb' og 'nn', og eit par andre språk er og endra. Dei nye kodane gjeld for KDE 3.0, som no er på betastadiet. Dei er ikkje inne i Skulelinux enno.
'Alle' (KDE-omsetjarane) var einige om at kodane måtte endrast, men me var ikkje heilt einige om korleis. Nokon ville bruka trebokstavskodane i ISO 639-2 overalt, medan eg argumenterte for å følgja RFC 3066 / ISO/IEC 15897. (Hovudregel: Tobokstavskode ISO 639-1 dersom det finst, ISO 639-2 viss ikkje.) Det avgjerande vart nok at RFC 3066 / ISO/IEC 15897 var den minst smertefulle endringa.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes