Nettsida http://l10n.kde.org/team-infos.php?teamcode=nb var meint å ha kontaktinformasjon for bokmålsomsettinga av KDE, men har dessverre stått tom lenge. Men no har eg fått tilgang til å redigera sida, og har lagt til litt informasjon, blant anna om denne e-postlista (i18n-nb).
Eg har også fått oppdatert feilrapportsystemet (Bugzilla) i KDE slik at feilrapportar for bokmålsomsettinga automatisk vert tildelte meg. Ein kan melda inn feil på
https://bugs.kde.org/enter_bug.cgi?product=i18n&component=nb
Av tekniske grunnar er det ønskjeleg at feilrapportar frå bugs.kde.org vert tildelte ein *person*, ikkje ei e-postliste. (Men det er gjerne greiare for alle partar om ein berre sender tips om feil i omsettingane direkte til denne e-postlista, så gjer gjerne det.)
Nedst på http://l10n.kde.org/team-infos.php?teamcode=nb er det nokre bilde av bokmålsomsettinga av KDE, men desse er frå KDE 4.3.2, og er altså ganske gamle. Det er fint om nokon som brukar nyare versjonar av KDE på bokmål kan ta nokre bilde av desse og senda til meg, så skal eg legga dei ut på nettsida. Det treng ikkje vera aller nyaste versjon, men iallfall ein basert på «KDE 5»/Plasma.
(Og viss nokon lurer på mi rolle: Eg arbeider med å omsetta KDE til nynorsk, men ikkje til bokmål. Men eg er teknisk kontakt og koordinator for alle dei norske omsettingane, og passar på at omsettingsfilene for både bokmål og nynorsk (og nordsamisk) i SVN-lageret vårt er oppdaterte med endringar i KDE, og at omsettingsfilene vert tilbakeførte til KDE, slik at dei siste omsettingane kjem med i nye utgåver KDE og KDE-programma. Eg rettar òg feil i bokmålsomsettingane når folk meldar frå om det.)