Eg har kikka såvidt på Lokalize, i den utgåva som kjem med Ubuntu (versjon 0.2, KDE 4.1.2). Det ser ut som at Lokalize automatisk skrur av Fuzzy når eg tek til å redigera, og at det ikkje går an å skru av denne funksjonen. Stemmer det? Når eg er van med å skru av Fuzzy når eg er nøgd og ikkje før, opnar dette for mange feil viss eg ikkje kan lita på at ting eg ikkje er ferdig med er fuzzy.
Eg har ikkje klart å finna noko sakleg forum eller epostliste for Lokalize, veit nokon av dykk om noko?