* Axel Bojer (2006-03-03 13:23):
Generelt er det selvsagt et spørsmål om hvor mye vi vil spesifisere. Mange av gruppenne har undergrupper som jeg ikke har spesifisert, med viten og vilje. Noen av dem nevner du, som. f.eks jeg/meg. Men mulig vi skulle spesifisert mer, hva mener dere andre? Faren er at veldig få vil engasjere seg i dette, og så blir det bare noen få som driver med dette. I det minste må vi da dokumenmtere veldig godt hva de ulike formene betyr så vi ikke får meningsløse innmeldinger av gjensidig utelukkende former, oppføringe som ikke hører hjemme dette feltet for alle ord i den kategorien osv. Med økt kompleksitet minsker nok mengden bidragsytere. Og det store spørsmålet er *hvor mye informasjon har vi bruk for*! Dette er selvsagt vanskelig å si, da vi ikke har noen praktisk bruk for denne informasjonen ennå.
Vil gjerne ha innspill fra andre på hvor dere mener vi bør legge oss i forhold til dette.
Di meir eg tenkjer på det, di sikrare blir eg på at denne informasjonen ikkje vil kunna brukast av eit intelligent stavekontrollsystem, så eg trur det beste er å avgrensa seg til den informasjonen som er interessant for brukaren. Det viktigaste er å kunna skilja ulike leksem, til det brukar ein nemneforma (ROOT). Når nemneforma fell saman mellom ulike leksem, skil ein dei normalt ved ordklasse (CLASS). Som eg nemner i ein annan tråd, er ikkje dette heller alltid nok, men korleis det skal løysast har ikkje noko med dette å gjera.
Eg tvilar på om det i det heile er nokon vits å leggja inn informasjon om bøyingsform. For det fyrste er det vanskeleg for dei fleste å få heilt rett, og for det andre ser eg ikkje for meg kva dette skal brukast til.
I Norsk referansegrammatikk blir tradisjonelle adverb med samsvarsbøying rekna til adjektiva, og adverba er såleis ubøyelege. Til dømes bør "fort" difor reknast som eit adjektiv med berre inkjekjønnsform i positiv, og ikkje som eit adverb.
ok, rettes.
Eg er tilhengjar av NRG sin måte å gjera dette på http://nn.wikipedia.org/wiki/Norsk_referansegrammatikk , men det kan henda eg var litt rask her. Gramterm http://www.sprakrad.no/gramterm tilrår nemleg å halda på dei gradbøygde adverba som adverb, så det er det som framleis kjem til å gjelda i skulen. Eg hellar difor motvillig mot at "fort" bør vera adverb i denne ordlista. Men dette er eit prinsippspørsmål ein må ta, skal ein fylgja NRG eller Gramterm?
hankjønn/hunkjønn/intetkjønn/flertall (i positiv ubestemt)Ja, dette har vi diskutert litt. Jeg foreslår at vi i såfall bruker kortformene n/f/m og heller en stjerne med forklaring nedenfor tabellen.
Eg ville helst hatt m/f/n/pl, for det er desse formene som er gjensidig utelukkande. Det er ikkje mogleg å kombinera fleirtal med nøytrum, til dømes, slik ein kan gjera i det gjeldande oppsettet. Ei anna sak er det at det kan vera samanfall mellom alle desse formene, som til dømes i adjektivet "grepa". Men no argumenterer eg for noko som eg jo har sagt at eg trur me bør droppa.
Erik