Som alle forhåpentligvis har fått med seg, er KDE 4.3 endelig ute, og både ser ut og følest fantastisk. Og støtta for bokmål og nynorsk er den beste nokosinne, takka vera flott innsats frå omsettarane. Eg blogga for øvrig litt om nynorskomsettinga: http://huftis.org/artiklar/kde-4-3-ute/
For kortversjonen av det som er nytt, sjå vidoen i den offisielle kunngjeringa: http://kde.org/announcements/4.3/
For oss er det viktigaste den nye versjonen av Lokalize, som er sterkt forbetra frå tidlegare utgåver. Blant anna er det endelig innebygd støtte for jamføringsomsetjingar, og det har blitt veldig lett å laga og oppdatera omsettingsminnet. I tillegg kan ein bruka Lokalize saman med pology-verktøya.
For dei som måtte lura korleis stoda er for KDE 4.3 i Kubuntu: «The translations for Kubuntu still suck»: http://soliverez.com.ar/drupal/node/94 Det er dessverre framleis best å velja ein annan distro om ein vil ha KDE på norsk. :(