Hei!
SuperTux er eit klassisk plattformspel med Linux-maskoten Tux i hovudrolla. Det er no ute i ny versjon, versjon 0.5.0, og dette er den første versjonen der ikkje berre spelet men òg alle tilleggsbretta er omsette til nynorsk. Moro for både små og store, med hundrevis av (meir eller mindre) utfordrande brett. Og i denne versjonen er det òg mogleg å laga sine eigne.
Last ned spelet til Linux, Mac eller Windows her: https://supertux.github.io/
For å få alle bretta på nynorsk, hugs å legga til den nynorske språkpakken. Det gjer du enkelt inne frå spelet, via «Oppsett → Språkpakkar».
Og som vanleg, meld frå om forslag til forbetringar av omsettinga direkte til meg, eller til denne lista.