Litt presisering: Det eg leitar etter er ei nettside eller liknande som forklarer på engelsk kva som er «standard» (med eller utan hermeteikn) for lister i norsk typografi.
Den 12.09.2024 16:10, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Eg ønskjer å endra stilarket for den nynorske HTML-utgåva av GIMP Help, men GIMP-teamet ønskjer bevis på at vi bruker tankestrek som merke ved punktlister i staden for prikken. Dessutan oppsettet av nummererte lister, som er litt annleis enn standard HTML-oppsett. Tidlegare var det eigne stilark for norsk og japansk, men nå er det berre norsk (nn) som har eige stilark.
Finst det ei engelsk nettside eg kan vise til?
Kanskje det er eg som ikkje er god nok til å finne dei rette søkjeorda, men eg fann faktisk ikkje dette på nettet.
Kolbjørn
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org