Fire funksjonar som ikkje er omsette til norsk (bokmål, nynorsk) i LibreOffice og heller ikkje funne i Excel eller andre rekneark:
OPT_BARRIER Bruk: (frå Hjelp-tekstane i funksjonsvegvisaren):
OPT_BARRIER(punkt; vol; r; rf; T; strike; grense_nedre; grense_øvre; rabatt; put/call; knock in/out; grense_type; gresk) Prissetting av ein grenseopsjon.
OPT_PROB_HIT Bruk: (frå Hjelp-tekstane):
OPT_PROB_HIT(punkt; vol; drift; T; grense_nedre; grense_øvre) Sannsynet for at aktivumet når grensa føresett at det følgjer dS/S=mu dt + vol dW
OPT_PROB_INMONEY Bruk: (frå Hjelp-tekstane):
OPT_PROB_INMONEY(punkt; vol; drift; T; grense_nedre; grense_øvre; put/call; strike) Sannsynet for at eit aktivum vil vere mellom dei to grenseverdiane ved utløpet, føresett at dei følgjer dS/S=mu dt + vol dW (dersom dei to siste valfrie parametra (strike; put/call) er spesifiserte, vil sannsynet for S_T i [strike, upper barrier] for eit oppkall og S_T i [lower barrier, strike] for ein put bli returnert)
OPT_TOUCH Bruk: (frå Hjelp-tekstane):
OPT_TOUCH(punkt; vol; r; rf; T; grense_nedre; grense_øvre; framand/heimleg; knock in/out; grense_type; gresk) Prissetting av ein touch/no-touch opsjon
(Forklaringane er ikkje skrivne av meg). Dette er langt utanom mitt fagfelt, og eg har heller ikkje funne nærare forklaringar på kva desse funksjonane gjer. Funksjonane er lista opp i kategorien Økonomisk. Noen forslag til eventuelle omsetjingar? Det kan jo hende desse er så lite brukte at dei ikkje treng norsk versjon.
Helsing Kolbjørn Stuestøl