Det var ikkje meininga å koma borti send-knappen så fort ...
Gaute
On Tue, 19 Jul 2005 17:07:24 +0200, Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org wrote:
[E-post sendt til både Gaute og i18n-no-lista.]
Eg ser det offisielle KDE-omsettingslageret no brukar ein ny mappestruktur, som er forskjellig frå den som ligg i CVS-lageret til Skulelinux:
http://developer.skolelinux.no/cgi-bin/viewcvs.cgi/skolelinux/i18n/head-kde-... http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/nn/messages/ http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/templates/messages/
Korleis er dette meint å fungera? Bør det ikkje vera samsvar mellom dei to?
Jau, det bør bli meir likt. Vår CVS inneheld alt frå stable og litt frå trunk. Det har fungert greitt før, men har blitt meir komplisert no etter at KDE omorganiserte filene (då dei skifta til Subversion). Eg er ikkje sikker på om det er så lurt å gjera det på den same måten lenger.
Eg ser òg at omsettingane i Skulelinux er basert på «stable»-greina. Eg trur ikkje eg heilt har forstått korleis denne er meint å fungera. Kan nokon forklara? Mappestrukturen ser for øvrig ut til å vera litt forskjellig på «stable» og «trunk» òg (eller er det berre *fleire* mapper på «trunk»):
Den enkle forklaringa er slik: Stable inneheld til eikvar tid den stabile utgåva av KDE (for tida 3.4.x), medan utviklinga av KDE skjer i trunk. Me omset ingenting i trunk før neste større versjonssteg (3.5). Etter at 3.5 er ute, er det 3.5.x som vert liggjande i stable.
Dette er akkurat som forholdet mellom HEAD og BRANCH_KDE_X.Y i den gamle CVS-en.
http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/templates/messages/ http://websvn.kde.org/trunk/l10n/templates/messages/
Spesielt lurer eg på korleis alt dette er meint å fungera for dei programma som *ikkje* følgjer utgjevingane til KDE. Eg ser at for eksempel programmet Kile heilt manglar omsettingsmal (POT-fil) i «stable», sjølv om det er eit gammalt program.
Og generelt verkar det som om *nokon* av omsettingsmalane i «stable» er utdaterte, og er fjerne frå dei som kjem til å bli brukte i neste versjon av dei ulike programma. Er det slik at «stable» først vert oppdatert *rett før* ein ny versjon kjem (--> veldig mykje ekstraarbeid for oss)?
I utgangspunktet ligg slike uoffisielle program berre i trunk. Det er opp til utviklarane av kvart enkelt program om dei vil leggja den stabile versjonen i stable. Då kan omsetjarane arbeida med ein stabil versjon, på same måten som med dei vanlege KDE-programma. Dersom malane faktisk er utdaterte og ikkje vil bli brukte i nye, stabile versjonar, er det noko som ikkje fungerer slik det var meint.
Til slutt vil eg seia frå at datafilene som ligg hos KDE ikkje ser ut til å ha blitt oppdatert frå dei som er i Skulelinux. Jamfør:
http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/nn/data/kdeedu/ http://developer.skolelinux.no/cgi-bin/viewcvs.cgi/skolelinux/i18n/head-kde-...
Takk for påminninga.
Og heilt til slutt: Er det ikkje like greitt at mappa «kde-i18n» (dei eldgamle omsettingane) vert sletta frå Skulelinux-CVS-lageret?
Jau, det er i grunnen like greitt.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes