Her er ei prioriteringsliste over arbeidet med KDE-omsetjingane framover. KDE 3.1 er førebels utsett nesten to veker, siste frist for omsetjingar er no sundag 3. november.
Dei «kjempeviktige» modulane er heilt grunnleggjande modular som må vera ferdig omsette. Dei «veldig viktige» er (i synkande rekkjefølgje) litt mindre viktige.
Hjelpetekstane er viktigare enn dei «lite viktige» modulane. Det vil seia at det er nyttigare å setja om hjelpetekstar. Dei er for øvrig prioriterte i same rekkjefølgja.
Dei modulane som er «nesten bortkasta tid» er som de skjønar veldig lite viktige. Me skal fjerna mange gamle omsetjingar derifrå.
Kjempeviktig: desktop_* kdelibs katepart kdebase
Veldig viktig: kdenetwork kdeedu kdeaddons kdegraphics kdemultimedia kdeutils
Lite viktig: kdepim kdegames kdetoys kdesdk kdeartwork kdeadmin
Nesten bortkasta tid: kdeextragear-1 kdenonbeta others
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes