Kjeldekoden til omsetjinga er no frigjeven under GPL-lisensen.
Omsetjinga ligg i CVS-en til Skulelinux, og bidrag er velkomne. Bidragsytarane må på førehand samtykkja i at Akershus fylkeskommune seinare kan føra koden tilbake til OpenOffice.org under LGPL- og SISSL-lisensane. Dette er for å unngå å koma i den situasjonen at lisensieringa er uklar og omsetjinga ikkje kan førast tilbake til den offisielle utgåva av OpenOffice.org.
Det som no er lagd ut i CVS er filene til versjon 1.0.2. Me vil nokså snart gå over til 1.1, og håpar å kunna laga ein betaversjon av omsetjinga for 1.1 i løpet av mai.
Brukargrensesnittet er ferdig omsett til bokmål og nynorsk. «Utvida tips» er berre omsett til bokmål. Omsetjinga av hjelpetekstane er i gang på bokmål, førebels for tekstbehandlaren.
Dersom nokon gjerne vil bidra og er usikre på kvar dei skal starta, er hjelpeteksten til reknearket (scalc.po) eit godt tips.
Omsetjingsarbeidet vert koordinert på e-postlista openoffice_no@yahoogroups.co.uk. Still alle spørsmål dit: <URL: http://uk.groups.yahoo.com/group/openoffice_no/ >
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes