(Hmm, denne skulle eg ha sendt før påske ein gong, men han vart liggjande ...)
Reknearket i OpenOffice.org har fått ein ny funksjon knytt til datavegvisaren (tilsvarar det Excel kallar pivottabellar, trur eg). Diverre har ikkje eg eller andre av OOo-omsetjarane peiling på pivottabellar, så me anar ikkje kva me skal kalla funksjonen (eller kva han eigentleg gjer). OpenOffice.org brukar forresten ikkje ordet «pivottabellar», utanom i namnet på kjeldefila som inneheld desse strengane.
Problemstrengen: «Enable drill to details»
Funksjonen finst i eit dialogvindauge ein stad under «Data - Datavegvisar» i Calc.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes