===== Original Message From Marius Kotsbak marius@kotsbak.com ===== Bygger du den slik at nb_NO og nn_NO blir oppfattet som ordbok-språk?
Ikkje enno, men ja, det skal ordnast.
Og ligger det noe binaries ute noe sted?
Det ligg testpakkar for Debian på <URL: http://developer.skulelinux.no/~gautehk/oo/ >. Desse er *berre* for testføremål og *skal ikkje* spreiast fritt. Det vil seia at dei skal berre nyttast av personar som er 110 % klare over at dette er ei uferdig testutgåve.
Det er oppdragsgjevaren, Akershus fylkeskommune, som er litt redde for to ting. For det første vil ein ikkje at Sun (StarOffice) skal ta omsetjinga utan å gi noko som helst tilbake. For det andre er ein redd for at folk (norsklærarar?) skal få eit dårleg førsteinntrykk og avskriva heile prosjektet.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes