Hans Fredrik Nordhaug skreiv 30.07.2024 13:02:
Det bare slo meg at vi kunne brukt saker (issues) på GitLab til å diskutere / dokumentere nye ord for ordlista. Og / eller at en MR legger til ett ord og diskusjonen skjer på MR-en?
Jeg syns i alle fall at diskusjonen som nettopp var her på e-postlista hvor man prøvde å bli enig om*mange* ord samtidig fungerte dårlig.
Ja, det vert lett rotete når me diskuterer mange ord samtidig.
Det er heilt klart fordelar med å ha diskusjonar på MR-ar. Men det har òg ulemper, for eksempel at alle må registrera seg på ei ny teneste (GitLab). Og dei må aktivt oppsøka den aktuelle MR-en.
Eg trur det går greitt å ha den innleiande diskusjonen av ord her på e-postlista. Vanlegvis er det jo heller ikkje ei lang liste over ord, men heller enkeltord eller nokre få ord innanfor same tema. Så kan me heller laga ein MR til slutt, der dei meir teknisk interesserte kan kommentera, men då om tekniske ting (som Markdown-formatering).
Men for andre større endringar, for eksempel i teksten på nettsidene, kan me godt ha diskusjonen i MR-ane. Då kan det vera greitt å senda ein e-post her til lista med info om at det er ein MR på gang. Og så bør me vera rause og godta at nokon heller vil kommentera direkte her på e-postlista enn å registrera seg på GitLab og legga til kommentarar der (det er jo ein ekstra terskel).