Reknar med dette vil vera av interesse både for omsettarar og dei som har med stavekontrollen å gjera: Det har vist seg at fullformsordlistene til Ordbanken har fleire feil, der ikkje-lovlige ord har blitt markerte som «normert». Tilsvarande gjeld klammeformer, som har blitt markerte som hovudformer.
Dette skal verta rett opp i «etterkvart». Ei første endring, som gjeld normeringa av lemma, skal forhåpentligvis vera på plass i oktoberutgåva av fullformsordlistene. (Alt dette ifølgje ein privat e-post frå Ordbanken.)