Torsdag 29. juli 2004 03:42 skreiv Knut Yrvin:
Det kan se ut til KDE-gjengen kun ligger en uke etter skjemaet for utgivelse av ny KDE 18 august. De har valgt å gi ut herligheten nesten midt i ferien :-). Spørsmålet nå er om vi er i stand til å få ferdig kdebase og kdelibs før utgivlesen av KDE 3.3.
Det er ikkje så mykje som står att av dei aller viktigaste delane, berre eit par prosent i kdelibs for bokmål og nynorsk. Det er likevel synd om resten av KDE vert ståande mangelfullt omsett. For samisk er tilstanden litt dårlegare, men ikkje uoverkommeleg om nokon har tid til ein liten innsats:
http://i18n.kde.org/stats/gui/HEAD/essential.php
Eg har oppdatert CVS-en vår i dag, og vil senda inn omsetjingane våre fortløpande fram til fristen onsdag 4. august.
Det vil som vanleg koma fleire 3.3.x-versjonar utover hausten. Endringane frå versjon til versjon vil vera nokså små, slik at me har ein sjanse til å få hovudet over vatnet att.
Store versjonshopp midt i sommarferien høyrer ikkje heime nokon plass. Eg lovar å protestera endå heftigare neste gong KDE planlegg noko slikt.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes