Takker. Bevis på at to hovud er betre enn eitt. Ja, det er snakk om talformat og ikkje berre datoar. Eg var litt upresis der. Eg kjem etter kvart til å gå gjennom omsetjingane og bruke «lokalt talformat» og omskrivingar av dette. Kanskje noko for Fellesordlista? Helsing Kolbjørn
Den 07.06.2017 19:22, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 07. juni 2017 14:35:
"Native numbering" og "native numberals" er i LibreOffice brukt om språkavhengige datoformat. Førebels har eg brukt «lokal nummerering» for dette. I Fellesordlista er "native sql" omsett med «lokal sql».
Det er vel snakk om lokale *tal*format òg, ikkje berre datoformat. Då vil eg tilrå «lokalt talformat» eller «lokale talformat».
I nokre tilfelle er «nasjonale (tal)teikn» brukt for "Native numbering". Så kanskje «nasjonal nummerering»?
Nei. Det treng ikkje ha nokon samanheng med nasjonar. Det kan dekka både overnasjonale og undernasjonale område.