Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:3D512E9E@epostleser.online.no:
Det finst po-verktøy for andre plattformer òg.
Sjølv det å installera eit nytt program er ein terskel for ein del.
Eg har vanskelig for å tru at å installera eks. poEdit kan vera ein høg terskel for folk som skal kvalitetssikra brukargrensesnittet i avanserte dataprogram.
Ja, det er eg for so vidt einig i. Men finst det ikkje allereie verktøy for konvertering av po til HTML då?
Jaudå, Børre har laga nokre greie skript dei brukar på samisk. Eg ser elles for meg at rein tekst kan vera nokså greitt å jobba med.
Problemet med det er vel tilbakeføring til po-filer. Då blir kanskje det greiaste ei papirutgåva og raudpenn. Eg kan på det varmaste anbefala nyare Pilot Hi-Techpoint V-200x-pennar.