Måndag 3. februar 2003 22:54 skreiv Håvard Korsvoll:
Hei
Eg har nokre rare problem med KBabel. For det første så kjem denne linja i filhovudet uansett: "Content-Type: application/x-xml2pot; charset=UTF-8\n"
Her skulle Content-Type vore plain/text. charset er riktig. Dette gjorde at norske teikn vart vist feil på dei skolelinuxklientane vi jobba på i helga. Hos meg ser dei norske teikna OK ut.
Er det nokon som veit korleis eg skal få Content-Type riktig utan å endre kvar fil manuelt.
Rart, dette har eg aldri sett før. Men det kan godt henda det ikkje gjer noko, for «xml2pot» er namnet på programmet som konverterer mellom Docbook- og PO-format. Er du sikker på at dette er feil? (Eg er ikkje heilt sikker på om eg skjønte problemet.)
Det andre problemet er at eg tydlegvis ikkje har modulen for oversetjingsdatabasen. Når eg vel Innstillingar->Set opp ordbok->, så ser eg berre Jamføringsomsetjing og PO-kompendium. Er dette noko eg må installere separat? Eg brukar sjølbygd KDE 3.1 som er henta frå gentoo distribusjonen.
Omsetjingsdatabasen må kompilerast inn, men eg hugsar ikkje akkurat korleis det vert gjort. Dei fleste distribusjonane har omsetjingsdatabasen påslått, det burde Gentoo òg hatt.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes