Hei!
Eg har i dag oppdatert det gamle termbase-skriptet, eit skript som prøver å automatisk generera ei samling av alle termane/uttrykka me brukar i omsetjingane. Til no har me brukt eit lite hjelpeskript til å slå opp i termbasen frå kommandolinja, slik:
$ term browse browse → Bla gjennom browse files → Bla gjennom filer browser → nettlesar web browser → nettlesar; Nettlesar browser window → nettlesarvindauge filesystem browser → filhandsamar; filsystemvisar […]
Skriptet og hjelpeskriptet er som alltid tilgjengeleg på https://websvn.kde.org/trunk/l10n-support/nn/skript/termbase/.
Det nye er at skriptet no òg genererer ei terminologifil i TermBase eXchange-formatet (.tbx). Denne kan ein bruka i alle omsetjingsprogram som støttar dette formatet, for eksempel Lokalize. Her er eit par eksempel på korleis det ser ut i Lokalize (sjå «Ordliste»-ruta nede til høgre):
https://huftis.org/kritikk/termbase/termbase-eksempel-1.png https://huftis.org/kritikk/termbase/termbase-eksempel-2.png
De kan lasta ned ei eksempel-TBX-fil frå https://huftis.org/kritikk/termbase/nn.tbx. Denne er generert ut frå dei nyaste ferdigstilte omsetjingane av KDE-programma.