Onsdag 6. februar 2002 19:53 skreiv Petter Reinholdtsen:
[Gaute Hvoslef Kvalnes]
#: kcookiespolicies.cpp:133 msgid "A&sk for confirmation before accepting cookies." -msgstr "&Spør etter stadfesting får informasjonskapslar vert godtekne." +msgstr "Sp&ør etter stadfesting får informasjonskapslar vert godtekne."
Er en sikker på at en ønsker å bruke særnorske tegn som snarveistaster? Det gjør det nesten umulig å effektivt bruke den norske oversettelsen uten norsk tastatur.
Nei, snarvegstastane er berre ein av mange måtar å nå funksjonane på. Viss ein brukar eit framandt tastaturoppsett i norskspråklege program må ein nesten rekna med at ikkje alt fungerer som det skal. Eg reknar ikkje dette som ein kritisk feil, tastekonfliktar er verre enn at ein snarvegstast er utilgjengeleg for nokre få brukarar.
Tre kort til i tastekabalen kjem iallfall svært godt med. (Men det er ein god regel å prøva å unngå æøå.) Eg har enno ikkje klart å løysa alle tastekonfliktane i Konqueror, og tør knapt tenkja på kontrollsenteret, KMail og andre kompliserte program.
(Har du konvertert manuelt frå UTF-8? Det stod altså *før* ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes