Hei,
Gnumeric er no for det meste klar i nynorsk språkdrakt, reint bortsett frå funksjonsskildringane, men dei er ikkje omsett i noke språk. Gnumeric 0.70 var sluppen i natt, og i den er den siste omsetjinga. Eg set pris på tilbakemeldingar på omsetjinga.
Dersom du ikkje vil hente ned heile distribusjonen, kjem du langt på veg med å laste ned gnumeric.mo fila frå http://www.sunnmore.net/nynorsk/, og berre innstallere den i /usr/share/locale/nn/LC_MESSAGES/ eller der gnomen din leiter etter desse filene. po-fila ligg også i same katalogen.
Gnumeric er ein av dei største gnome-applikasjonane omsetjingsmessig, så no er arbeidet godt i gang for gnome også.
Har også omsett eit av mine mest brukte program, xmms :) po og mo fil ligg på same plassen. Eg har basert meg på bokmålsomsetjinga, og den ser nesten ut som om den er gjort i fylla :( Denne er ikkje komen i cvs enno, men innstaller gjerne språkfila - og og gi meg tilbakemeldingar, så skal eg få den inn i cvs den og.
Har omsett ein del av småbiblioteka i gnome også, men det får vi ta ein annan gang.