on. den 03. 05. 2017 klokka 11.23 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
ROUNDSIG() er å runda av eit tal til ei gjeven meng signifikante tal. ROUNDSIG(129,129;5) vil returnere 129,13, ROUNDSIG(129,129;2) -> 130 osv. ROUND() er omsett med AVRUND(). Eg reknar med at omsetjinga bør blir AVRUNDSIG()? Innvendingar?
tja, vil berre nemne at det (heil)norske ordet for "signifikante tal" er "gjeldande siffer". likevel trur eg AVRUND.SIG() er vel så bra. AVRUND.GJELD() vert rart ;), og AVRUND.GJELDANDE() vert langt.
Eg har ikkje funne dette uttrykket i LibreOffice Calc (reknearket til LibreOffice) for Windows, så eg har ikkje prøvd det. Finst kanskje i utgåver for Linux? Ikkje alltid at utgåvene er heilt like. Eg har ikkje Excel, men ut frå søk på Internett skal uttrykket finnast der. (Eg bruker LibreOffice versjon 5.3.2.2).
i utgangspunktet er eg for å bruke same terminologi som norsk Excel når alternativa er omlag like gode.