Eg har testa dette på to veldig nye nye Linux-distribusjonar (Mandriva 2007 og Fedora Core 5), med same resultat:
Daudtastar fungerer ikkje lenger i KDE ved val av nynorsk som brukarprofilspråk!
Daudtastar er tastar som ikkje gjer noko før ein ny tast vert trykt inn, og vert brukt til å skriva teikn som é og ô. Desse er då ikkje mulig å skriva i KDE.
Merk at problemet berre gjer seg gjeldande i KDE og KDE-program (og for eksempel ikkje i GTK-baserte program som kjører under KDE), og at det er uavhengig av kva tastaturoppsett eller språk som er vald i KDE. Det som har noko å seia er miljøvariabelen LANG. Prøv for eksempel dette i Konsole:
export LANG=nb_NO.UTF-8 konqueror .
No skal det gå heilt fint å skriva é og ô i adresselinja i Konqueror. Prøv no:
export LANG=nn_NO.UTF-8 konqueror .
No vert desse tastetrykka berre til ´e og ^o.
Dette er sjølvsagt ein uuthaldande situasjon. Er det nokon som anar kor feilen er, og kor me kan henvenda oss for å få det fiksa?