oysteinsteffensen@posteo.no skreiv 01. mars 2018 22:08:
Eg kan vere interessert i å bidra litt til KDE-omsettinga, om enn berre med nokre timar her og der. Eg måtte melde pass før, men no har eg meir tid å ta av. Omsettinga til bokmål ser eg ikkje er like fullstendig som den nynorske, så her kan eg godt hjelpe til om det trengst. Eg har allereie prøvd meg litt på omsetting gjennom Transifex, ein nettbasert omsettingsportal, men denne synest eg blir litt uoversiktleg å jobbe med.
Flott du at du er interessert i å hjelpa til!
KDE brukar ikkje Transifex, men KDE-programmet Lokalize, som eg trur du vil finna meir oversiktleg.
Eg har sendt deg informasjon om korleis du set opp og brukar programmet. Men me kan godt snakkast meir om det praktiske, eksempelvis via ei lynmeldingsteneste. (Det må nok bli over helga.)