Måndag 06 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
On Sun, 2008-10-05 at 21:44 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Sundag 05 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
(er dette di eiga lokale tilpassing? "sundag" brukte å vere klammeform, eg vart litt overraska av å sjå i Nynorskordboka at denne forma no er jamstelt med "søndag".)
Nei, «sundag» har då so lenge eg kan hugsa vore standard for nynorsk- lokalet på Linux. Og på Windows òg, faktisk, om eg ikkje hugsar feil (Windows 95 og oppover, i det minste?).
Sjølv føretrekker eg «søndag», men har valt å bruka «sundag» i omsettingane, sidan det alt var etablert i nynorsklokalet, og eg synest det er veldig viktig at omsettingane er konsekvente.
For øvrig trur eg du blandar litt. Etter det eg kan sjå på http://www.sprakrad.no/Politikk-Fakta/Fakta/Rettskrivingsreformer/ var det «søndag» som var klammeform før 1959.
Om alle skulle vera einige om å gå over til «søndag», kan me godt gjera det, men då må altso lokaledataa oppdaterast òg (dei bør kanskje uansett sjekkast – er dei endelig rette no?).
det er greit nok, men når ein har gode og klassiske nynorskord, så synest eg vi skal bruke dei når vi fyrst har lagt oss på den konservative lina med a-infinitiv.
Me har *ikkje* lagt oss på ei konservativ linje. Dette har vore diskutert før. Nynorsknormalen vår er verken spesielt konservativ eller spesielt radikal; han er ein mellomting.
du kan seie kva du vil, men a-infinitiv vert oppfatta som konservativ,
Eg trur ikkje eg forstår kva du meiner med «konservativ». Alt i 1917 var a- og e-infinitv jamstelte (før det var a-infinitiv hovudregelen, og frå 1938 til 1959 var e-infinitiv klammeform). Etter 1959 har dei to formene igjen vore jamstelte. Det er ikkje noko konservativt med a-infinitiv. Det einaste ein kanskje kan seia er at a-infinitiv er noko *geografisk* plassert, med base på Sør-Vestlandet, men dette har ikkje noko med konservatisme eller radikalisme å gjera (med mindre du meiner sørvestlendingar er spesielt konservative :) ).
og ei iblanding av bokmålsord som "forskjell" og "forslag" skjer i augene stilmessig.
For meg er formene heilt naturlige. Eg trur heller oppfattingane har med dialektmessig forankring.