Hei
Eg har nokre rare problem med KBabel. For det første så kjem denne linja i filhovudet uansett: "Content-Type: application/x-xml2pot; charset=UTF-8\n"
Her skulle Content-Type vore plain/text. charset er riktig. Dette gjorde at norske teikn vart vist feil på dei skolelinuxklientane vi jobba på i helga. Hos meg ser dei norske teikna OK ut.
Er det nokon som veit korleis eg skal få Content-Type riktig utan å endre kvar fil manuelt.
Det andre problemet er at eg tydlegvis ikkje har modulen for oversetjingsdatabasen. Når eg vel Innstillingar->Set opp ordbok->, så ser eg berre Jamføringsomsetjing og PO-kompendium. Er dette noko eg må installere separat? Eg brukar sjølbygd KDE 3.1 som er henta frå gentoo distribusjonen.
-- Helsing Håvard ____________________________________________________________________
* + * korsvoll@stud.ntnu.no ' * ' ' ' http://www.stud.ntnu.no/~korsvoll + + + Dybdahlsveg 15c, 7051 Trondheim ' * * Tlf: 73 94 26 91 * + ' + * Mob: 90 16 91 08 + * ' ____________________________________________________________________