Hjelpeside. Søkjeord på nettet: binde-e/fuge-e.
Sendt fra TypeApp
9. sep. 2018, 22:57 kl. 22:57 skrev "Kolbjørn Stuestøl" kolbjoern@stuestoel.no:
Når det på engelsk heiter "help page" bør dette omsetjast med hjelpeside eller hjelpside? Til nå har eg (stort sett?) brukt «hjelpside», men ser at andre brukar «hjelpeside». Ser at stavekontrollen merker hjelpside som feil, utan at det betyr så mykje i denne samanhengen.
Eg føler at ei hjelpeside er ei side som kjem i tillegg til ei vanleg side på linje med for eksempel eit hjelpehjul, medan ei hjelpside er ei
side som inneheld hjelp. Kanskje eg føler feil? Det har skjedd før.
I dette tilfellet gjeld det omsetjing av LibreOffice, men er sjølvsagt aktuelt også i andre omsetjingar. Helsing Kolbjørn
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no