Hei. Eg kjem med mine synspunkt inn mellom det du har skrive. Vi kjem nok aldri til å vere heilt einige i alt, men så kjem vi då også vi som omset frå ulike stader i landet, og har dermed også ulike dialektar.
Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org skreiv:
Mine føretrekte variantar står før skråstreken. Eg trur ikkje dei kan seiast å vera for konservative.
mens/medan
Her føretrekk og skriv eg helst «medan».
komma/koma, gammal/gamal, tømma/tøma (og generelt dobbel konsonant)
Komma/koma: Faktisk står ingen av delane oppført som hovudform i ordlista. Gammal/gamal: «Gamal» er sideform, så denne er vel ingenting å diskutere. Tømma/tøma: «Tøma» er sideform.
veta/vita
Einig, «veta» er best.
vert/blir
Einig, likar best «å verta».
framfor/framføre (me har alt «fornamn/førenamn»)
Einig i «framfor».
resurs/ressurs
Eg har aldri sett den fyrste skrivemåten her før, og føretrekk «ressurs».
gje/gi
Ja til «gje».
derfor/difor
Brukar sjølv «difor».
bedt/bede
Brukar sjølv «bede».
mogleg/mogeleg/muleg (me har alt «unntak/unnatak»)
Einig i «mogleg», ja.
nyheiter/nyhende
Meiner «nyheiter» vert for munnleg, likar best «nyhende».
Sjølv føretrekker eg «å gje», delvis fordi det er den forma eg brukar i talemålet, og delvis fordi eg synest «oppgjevne» hørest mykje betre enn «oppgidde».
Heilt klart!
I tillegg kunne eg godt tenka meg å endra oppføringa «mislukka» til «mislykka», samt «behandling» til «handsaming» (var denne siste nokon gong diskutert på lista?).
Ueinig i den fyrste, men einig i den siste. :-)
Eg vil òg fjerna oppføringa «igjen/att». I mange tekstar er «igjen» best, og i mange tekstar er «att» best. Det er unødvendig å setta ord opp mot kvarandre.
Einig med deg her.
Sjølv er eg ikkje heilt einig meg meg sjølv i kva eg føretrekker. Eg føretrekker for eksempel heilt klart verbet «brukar» men òg «spelte».
Heilt einig, akkurat same problemet her.
Men me må velja éi av formene, og eg har til slutt falle ned på preferansen -er (i presens, slik at me altso får -te/-de i preteritum).
Klarer ikkje heilt å vere einig med deg her, «bruker» er, saman med ord som «skole» noko av det verste eg ser i skriftleg nynorsk (sjølv om eg veit at det er heilt tillate). Er vi nøydde til å vera konsekvente mellom bøyingsformer på denne måten? Sjølv meiner eg nei, og at vi heller kan ta opp enkeltord. Ja, det er meir arbeid, men eg meiner det er verdt det.
Her er det eg føretrekk av dei tre du har nemnt her: å bruke – brukar – bruka – bruka å spele – spelar – spela – spela å klare – klarer – klarte – klart
So kommenter forslaga mine, og kom gjerne med nye sjølv.
Kjem ikkje på nokre fleire akkurat no, men eg lurer litt på dette med kløyvd infinitiv. Eg har aldri hatt bruk for å setje meg inn i det, og veit difor ikkje kva det er.
Frå nokre stader har eg fått inntrykk av at det er å bøye nokre substantiv med -a-infinitiv og nokre med -e. Frå andre stader igjen, har eg fått inntrykk av at kløyvd infinitiv er å bøye nokre substantiv som skal bøyast med -e-ending med -a-ending. Nokon som veit kva som er rett av desse? Dersom nr. 2, så må eg ærleg innrømme at eg ikkje har peiling på kva for ord som kan bøyast med -a og ikkje.
– Eirik U. Birkeland