Den 05.04.2020 20:22, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 05.04.2020 19:52:
I bokmålsversjonen av LibreOffice er
"Keep the zeros before a number by using the “leading zeroes” cell format option or format the cell as text before entering the number."
omsett med
«Ikke sett inn manuelle pauser for å skille to avsnitt. Endre innrykk og mellomrom ▸ Avstand ▸ Under avsnitt på stil- / avsnittegenskapene.»
Eg veit ikkje kven som omsett dette, men kan jo håpe på at vedkomande er på denne lista, eller snart vil kome der.
Eg har grave litt, og trur eg har funne ut kven det er. Så vidt eg kan sjå, er ikkje vedkommande med på denne lista. Men eg set hen på *blindkopi*, så hen ser meldinga di. (Til orientering: For å melda seg på denne diskusjonslista om omsetjing av fri programvare til norsk, sjå http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org.)
Fint.
Hugsar eg ikkje feil, er det tilrådd å bruka ei pil (→) mellom ulike menyoppføringar på norsk.
Ja, det er det me har standardisert til på norsk. Sjå avsnittet «Referering til kommandoar» på http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html. Men kanskje LibreOffice har ein annan standard, som dei føretrekker å bruka (det ser jo ikkje så verst ut med «▸» heller) for alle språka, og som derfor overstyrer våre generelle retningslinjer? Det er i det minste eit ekte skiljeteikn, ikkje ein dårleg ASCII-substitutt. Grunnen til at me standardiserte på «→» på norsk, var at det såg bra ut og at ulike program brukte *ulike* teikn, men gjerne «->», som såg veldig uprofesjonelt ut. Valet stod mellom «|» og «→», men me var så moderne at me valde «→». :)
Eg har i nynorskomsettinga konsekvent brukt → i dette tilfellet. Kan hende eg ikkje har funne alle tilfella i tidlegare omsettingar, men eg byter når eg finn dei. Ser ingen grunn til å bruke tid på å skifte til eit anna teikn. (Eg har alltid retningslinjene oppe når eg set om. Også fellesordlista, sjølv om denne diverre ser ut til å vere ute av drift nå).
Helsing Kolbjørn