Hei!
Sender med dette e-posten nedanfor vidare til Åka Sikrom, som vedlikeheld bokmålsomsetting av coreutils.
Eg tenker kanskje «Bruker» kan vera ei OK omsetting av «Login» *i denne samanhengen*. Er kort, og passar fint som kolonneoverskrift.
Elles er «Login» ei klassisk nøtt i omsetting av programvare frå engelsk. Kva er det eigentleg som er meint? Av og til er det «Brukarnamn», av og er det imperativforma «Log in» som er feilstava (mange programmerarar har ikkje engelsk som morsmål), av og til er det snakk om handlinga («Innlogging»), av og til er det snakk om innloggingsopplysingar generelt (oftast best omsett til «Brukarnamn og passord») – og ein sjeldan gong er det snakk om «login»-kommandoen. Lett skal det ikkje vera! :)
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer
trond.aasan@gmail.com skreiv 09.02.2019 10:26:
Feltet for Login er bare 8 tegn bredt[1]. "Brukernavn" blir for langt og kolonnene kommer skeivt ut.
$ pinky
Brukernavn Navn TTY Inaktiv Når Hvor trond Trond Aasan tty4 15d 2019-01-25 08:36 tty4
diff -u orig/coreutils-8.30-pre1.nb.po patched/coreutils-8.30- pre1.nb.po --- orig/coreutils-8.30-pre1.nb.po 2019-02-09 10:15:44.876341745 +0100 +++ patched/coreutils-8.30-pre1.nb.po 2019-02-09 10:15:58.558427557 +0100 @@ -7364,7 +7364,7 @@
#: src/pinky.c:404 msgid "Login" -msgstr "Brukernavn" +msgstr "Login"
#: src/pinky.c:406 msgid "Name"
[1] https://github.com/coreutils/coreutils/blob/v8.30/src/pinky.c#L404
i18n-nb mailing list i18n-nb@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nb