Petter Reinholdtsen pere@hungry.com čálii:
Hei
Har noen av dere oversikt over fri programvare for automatoversetting til og fra norsk?
Jeg kjenner til <URL: https://apertium.org/ > og ble nettopp tipset om <URL: http://www.statmt.org/moses/ >, men hvilke flere finnes? Noen som har erfaring og vet hvor bra de er for ulike språkkombinasjoner?
Moses er verktøy for å trena eigne modellar (statistisk maskinomsetjing). Det er ganske low-level og kanskje litt utdatert; det finst enklare system no. Men om du vil, kan du prøva å ta eit korpus frå https://opus.nlpl.eu/ og trena ein modell. Ein fordel er at du kan trena det raskt nok utan GPU.
https://translatelocally.com/ er ei ferdig pakke med GUI og ferdigtrente modellar (nevral maskinomsetjing). Kode og data er fritt. Og i motsetning til det meste av NMT så kan det køyrast utan enorme datasenter. Ikkje så mange språkpar enno, men det ser ut som eit aktivt miljø, og norsk-modellane er overraskande bra i forhold til ressurskrav.
Viss du vil bruka bitcoinriggen din til noko nyttig så går det an å trena NMT med Huggingface, det finst nokre ferdigtrente modellar òg: https://huggingface.co/Helsinki-NLP/opus-mt-no-sv?text=Jeg+er+en+artig+type+....
Men for dei som ikkje har ein sverm av GPU-ar under pulten er nok TranslateLocally det mest anvendelege.