2. apr. 2004 kello 18.27, Petter Reinholdtsen kirjoitti:
Trond, dette høres ut som noe du har peiling på. Jeg fant meldingene
på news, gnu.announce.
De bør kanskje få hjelp til å forbedre støtten for de norske og samiske språkene?
Ja, dette er viktig.
Slik eg ser det er det språkteknologi som er det eine feltet der Microsoft #verkeleg# har eit forsprang på alle konkurrentane, i og med at berre MS har pengar til å setje av dei mange titals årsverk som skal til for å gje gode språkteknologiske løysingar til eit språk, og til å kjøpe seg inn i akademiske prosjekta og dermed få tilgang til enno større årsverksressursar.
Ei utfordring for alle som vil ha open kjeldekode blir dermed å sjå seriøst på dette, få fram prosjekt og ikkje minst arbeidsformer som gjør det mogleg å utarbeide alternative språkverkty for open kjeldekode.
Dette er såpass viktig at det etter mitt syn bør bli drøfta eksplisitt innafor dei miljøa som vil fremje Linux og OO som alternativ til lukka programvare.
Ein måte å arbeide på kan vere å ha ein cvs ein eller annan stad som utarbeider språkuavhengige ressursar, som t.d. lister over personnamn, firmanamn, osb. (laga i ein xml-struktur der det er mogleg å dra ut det ein vil ha), dette er ressursar som krev mykje arbeid, og som alle treng.
Det er framleis langt fram for dette aspell-initiativet, m.a. har han ikkje noko løysing for samansetjing, og han bagatelliserer også problemet ("no one has used it"), men sanninga er at i Vest-Europa har alle dei finskugriske og germanske språka (minus engelsk) samansetjingsmekanismar av den typen vi har i norsk. Ispell har system for dette (jf. den norske ispell-løysinga), her må dette aspell-initiativet mao. skjerpe seg, elles vil dette berre resultere i ubrukelege program.
Det er flott at dette initiativet er eksplisitt fleirspråkleg. 8-bit er heilt ok så lenge han tillet UTF-8. Når det gjeld samisk har eg sendt framlegget over til Sametinget sitt ordretteprograminitiativ, så får vi håpe dei får noko ut av det.
Trond.
---------------------------------------------------------------------- Trond Trosterud t +47 7764 4763 Institutt for språkvitskap, Det humanistiske fakultet m +47 950 70140 N-9037 Universitetet i Tromsø, Noreg f +47 7764 4239 Trond.Trosterud (a) hum.uit.no http://www.hum.uit.no/a/trond/ ----------------------------------------------------------------------