Eg er imponert over kor grundig du har arbeidd.
Tykkjer forslaget ditt om «fargeglød» er dekkande, noko også «fargeforsterking» er (sjå nedanfor) etter mi vurdering. Treng nok ei forklaring når denne blir skrive. Medan eg skriv dette, dukka forslaget «livlighet» opp i forumet. Det bør vel også bli med i vurderinga. Litt problematisk om vi skal halde på regelen om å ha mest mogleg like ord på bokmål og nynorsk. (Omsetjinga av GIMP til bokmål ligg nå i dvale, men kan jo vakne igjen).
I GIMP er Broom omsett med «Lysglød», noko eg også tykkjer er dekkande i det tilfellet. Der er «Color Enhance» nå omsett med «Fargeforbetring» så «fargeforsterking» er ledig.
Elles er eg samd i at vi bør sjå på Photoshop (Adobe) når det gjeld ordvalet, men ikkje følgje slavisk, sjølv om programmet er leiande og har mange gode forslag.
Den 30.03.2026 13:28, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no:
Nei, eg synest ikkje ordet er for spesielt til å inngå i fellesordlista. Det er eit omgrep som dukkar opp i ulike bilethandsamingsprogram og også i skjermkortleverandøren NVidia sitt innstillingsprogram (der under valet «Digital Vibrance»), så det er noko me treng ei generell norsk omsetjing for.
Men eg er usikker på om omsetjinga eg har brukt, «fargeforsterking», er god nok. Eg ser Gimp alt har ein funksjon som på norsk heiter «Fargeforsterking» (engelsk «Color Enhance»): https://docs.gimp.org/2.6/nn/plug-in-color-enhance.html Og det er ingenting med «fargeforsterking» som tilseier at det er ein annan type fargeforsterking (selektiv forsterking) enn kva «metting» er.
Men med litt nettsøk så fann eg ut at det alt *finst* ei «etablert» omsetjing for «vibrance». Adobe kallar det «glød» på norsk: https://helpx.adobe.com/no/photoshop/using/adjust-vibrance.html
Adobe er jo ein stor leverandør av ulike bilethandsamingsverktøy og set på mange måtar standarden, også språkleg. Eg synest me vanlegvis bør følgja den norske terminologien til Adobe (og me har i stor grad gjort det i omsetjingane våre). Men nokre gongar kan det vera grunnar til å avvika frå han.
Eg synest «glød» er problematisk. Det krasjar med omsetjinga av «glow», som er brukt blant anna i bilethandsamings-/teikneprogrammet Krita. Det er vanskeleg å velja noko anna enn «glød» som omsetjing av «glow». Me har òg brukt «glød» som omsetjing av «bloom» i 3D-samanheng (https://en.wikipedia.org/wiki/Bloom_%28shader_effect%29), og det synest eg er ei veldig god omsetjing (mykje meir lettforståeleg og skildrande enn det engelske ordet).
Eg har ikkje forslag til eit veldig godt alternativ. Men viss me ikkje vil fjerna oss *for* langt frå Adobe, men samtidig unngå krasjen med «glow»/«glød», *kan* me kanskje bruka «fargeglød» som omsetjing av «vibrance»? Det understreker jo at det er fargane som vert forsterka/intensiverte, i motsetning til lyset (som ved «bloom»).
Karl
Kolbjørn Stuestøl via l10n-no skreiv 29.03.2026 13:24:
Takker for svaret. Fargeforsterking dekker nokså godt så eg brukar det.
Finn ingen stad å legge inn definisjonen anna enn i ein sprettopptekst i brukargrensesnittet, så måtte forkorte nokså mykje: «… fargeforsterking (hudtoner lite påverka)». Det er ikkje skrive nokon hjelpetekst for denne funksjonen førebels, men reknar med at det kjem, og då med plass til meir forklaring.
Dette er vel litt for spesielt til fellsordlista? Takk for oppryddinga du gjer der.
Helsing Kolbjørn
Den 28.03.2026 21:42, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no:
Kolbjørn Stuestøl via l10n-no skreiv 28.03.2026 20:02:
Finst det noko etablert, dekkande norsk ord eller omskriving for "vibrance" i bilethandsaming? Eller kan det finnast ei fornuftig omsetjing likevel?
Etter det eg har funne ut, er "vibrance" nokså lik «metning». Funksjonen intensiverer fargar, men han gjer det meir selektivt enn metninga. "Vibrance" aukar fargane som er meir dempa og ignorerer stort sett varme fargar (gul, oransje og raud). Kalde fargar (blå og grønt) blir prioriterte.
I nynorskomsetjinga mi av digiKam har eg brukt «fargeforsterking», med denne definisjonen «Dette aukar mettinga på mindre metta fargar, men lèt hudtonar vera.»
I bokmålsomsetjinga av same program er det brukt «vibrans».
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org