Onsdag 25. februar 2004 17:07 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Sikkert. Eg har med alt, og databasen er *veldig* treig.
Veit forresten nokon om det er planar om å forbetra denne funksjonen i kbabel? Det må då gå an laga ein raskare søkefunksjon! (Jf. f.eks. søkefunksjonen i nyaste testutgåva av Opera, som visstnok kan søka gjennom innhaldet i hundretusenvis av e-postar på ~1 sekund..)
Det har nok med innstillingane å gjera, men eg har aldri blitt heilt klok på dette. Eg har iallfall lagt merke til at det av og til går veldig, veldig treigt, men slett ikkje alltid. Er det noko med å søkja etter enkeltord, kanskje? Nokre innstillingar gjev iallfall enormt lange (og treige) resultatlister. Eg ønskjer meg mest meir intelligente søk, spesielt på lange tekststrengar.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes