Eg har nettopp oppdatert nynorskomsetjinga¹ av podkastklienten gPodder (ny versjon er rett rundt hjørnet). Det er kort sagt eit program som ein brukar for å abonnera på podkastar og til å organisera podkastsamlinga si. Det er tilgjengeleg både for Linux, macOS og Windows, og har ein del fine funksjonar. Les meir på https://gpodder.github.io/.
Men bokmålsomsetjinga heng dessverre etter. Denne vart sist oppdatert i 2012, og det har komme *mange* nye og endra tekstar i programmet sidan då. Så er det kanskje nokon her på lista som er interessert i å ta ansvar for omsetjinga til bokmål?
Det er eit middels stort program, med 554 stort sett korte tekstar (totalt om lag fire gongar så mange ord). Ein kjapp sjekk tyder på at den gamle bokmålsomsetjinga har nokre kvalitetsproblem, så ein kan kanskje heller ta utgangspunkt i nynorskomsetjinga? Om ønskjeleg, kan eg då køyra Apertium for å gjera ei maskinell grovomsetjing frå nynorsk til bokmål. Eg kan òg hjelpa med det tekniske, for eksempel senda omsetjinga inn, for dei som ikkje er så bevandra i Git-verda.
Er du interessert, ta kontakt her på lista.
¹ https://github.com/gpodder/gpodder/pull/772