Den 10.07.2023 15:12, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.07.2023 21:33:
I sidepanelet som viser stilar, kan eg velje "Spotlight". Alle stilane som er brukte i dokumentet blir då merkte i venstre marg i dokumentet med ein farge og eit nummer som svarar til stilnummera i tabellen over tilgjengelege stilar. Eg har ikkje fått tid til å prøv dette ut, funksjonen kom for nokre få dagar sidan, men meininga er visst at dette skal gjere redigeringa enklare i og med at du for kvar einaste linje ser kva stil som er brukt.
Kva skal vi kalle denne funksjonen på norsk?
Kan «Vis stilmarkørar» fungera som namnet på denne avkryssingsboksen?
Dette dekker nokså godt kva funksjonen gjer, samstundes som det er forståeleg.
Eg kjem til å bruke dette, men kan endra det om det kjem nokre betre forslag. Nokså enkelt å bruke søk og byt ut på eit slikt uttrykk.
(Filmen var eg klar over, men gløymde å legge ut adressa. Takk).
Helsing Kolbjørn
Her er ein video som viser korleis den nye funksjonen ser ut og kan brukast: https://www.youtube.com/watch?v=6BULOnGYCII