Ser at "chart wall" er omsett til «diagramvegg» og "chart floor" til «diagramgolv» i LibreOffice. I og med at begge omgrepa er definerte i programmet, er det sjølvsagt ingenting i vegen for å bruke dei, men er det andre ord som er vedtatt skal brukast for desse omgrepa? Dette gjeld både bokmål og nynorsk. (Orda er omsette tilsvarande i dansk, svensk og tysk, og sikkert fleire språk).
Diagramveggen er definert til å vere bakgrunnen i diagrammet. Diagramgolvet er definert til å vere den nedste delen av eit 3D-diagram.
Helsing Kolbjørn