On Sat, 2008-07-12 at 20:23 +0200, Eirik B. wrote:
Hei. I samband med omsetjing av grensesnittet til OpenOffice.org lurer eg på om det er nokon som har ei god omsetjing for «tell operation». Uttrykket er mellom anna brukt i samanhengen «The tell operation could not be run.» Meldinga før er «The seek operation could not be run.» Det er klart at uttrykket i den fyrste av meldingane tyder «søkjeoperasjon», men den andre?
Det har tidlegare vorte omsett med «forteljingsoperasjonen», men har nokon andre alternativ? «Svaroperasjon»?
dette er svært teknisk og vil sannsynlegvis kun verte presentert brukaren i samanheng med bugs. for å gjere den tekniske tydinga tydelegare, synest eg du rett og slett skal skrive "lseek(2)" og "tell(3c)" slik at det framgår at det er snakk om interne feil, ikkje tilfeldige "søkjeoperasjonar" og anna som brukaren sjølv har instigert. (eg hatar feilmeldingar som er "fordumma" slik at dei ikkje er forståelege for korkje ekspertar eller vanlege brukarar.)
hmm, eg ser no at tell(3c) ikkje finnest i Linux, og at ein brukar lseek(fd, SEEK_CUR, 0) i staden om ein opererer direkte på fildeskriptorar. om ein brukar stdio, er det fseek(3) og ftell(3) som er grensesnittet. eg har ikkje sjekka kjeldekoda til OpenOffice.org, men det er verste fall ei akseptabel kvit løgn å bruke "fseek" og "ftell" slik at ein har direkte referansar til kva det er snakk om.
Sjå også http://www.aomodeling.org/patterns/generic/oo/observation/model_observation.... som skriv «The observable will use the tell operation to notify the AbstractObservation asset about state changes.» Eg veit ikkje kor relevant dette er, men det gjev i alle fall eit døme på bruk.
det er ikkje relevant, nei. sjå heller "man ftell".